Dagens:
"Eg intervjua politimeisteren i Førde. Vi vart godt kjent. Han lærte meg å elske!"
- Ingve Eikeland
Nyheter - Klassen - Multimedia - Kontakt oss

17 Jun 2004
2MKA, never again

Endå eit år er gått, og i dag tok 2mka ein velfortjent sommarferie. Dette gjorde vi etter ei heidundrandes avslutning på skulen, mellom anna pryda av den eksplosivt fantastiske musikkvideoen vår.
Klassen tek no ein veldig velfortjent sommarferie, og kjem definitivt sterkt tilbake til hausten. Som 3mka.



16 Jun 2004
Lite munnleg eksaminasjon
2MKA har sluppe unna munnleg eksaminasjon i år også. Faktisk har heile skulen, untatt 7-8 stk i 1MKA sluppe denne skumle saken på slutten av året.
- Vi bruker dei siste dagane på produksjon av ein eksplosiv musikkvideo, seier med-regissør Torstein Våge i ein kommentar.



10 Jun 2004
Marthe Berge vann !
Marthe Berge vart vinnaren av "Kva skjer her #2" konkurransen, og får difor herlege hygieneprodukt! Gratulerar!



09 Jun 2004
- Dette var rett og slett hett!

Torstein, Rune og Ørjan prøvde tidlegare i dag å heike til vassenden.
- Det var ikkje mykje respons ute å gå her, nei, stadfesta Ørjan.

Les meir ...


29 May 2004
Valdeleg sportsoppgjer i 2mka

Det vart rått og valdeleg, då Marita og Mari tok eit sportsleg oppgjer innanfor den særs populære sporten, "Ball-som-henger-fast-i-tau-fra-stolpe".

Les meir ...


19 May 2004
2MKA's TV-produksjonsdag i bilete

Tysdag brukte 2MKA første dagen etter 17. mai på å produsere eit tv-show direkte, med 4 kamera i Førdehuset. Planen var å spele inn saken ute, som eit herligt sommarshow, men vi måtte lage vårt herlege sommarshow inne i staden, rett og slett på grunn av drittveiret ute.

Les meir ...


12 May 2004
Kva skjer her #2?
Nok ein gong slår vi på stortromma med ein sabla god konkurranse her på 2mka-sida! Du kan vinne superkul kontor-rekvisita!! Du må berre først fortelje oss via ein kommentar kva som skjer på dette biletet!

Les meir ...


11 May 2004
Graset må klippast
Sommaren har kome til Jølster, og det var i dag rett og slett ikkje anna å gjere en å klippe graset. Torstein og Rune var først litt ueinige om kven som skulle gjere dette, men Torstein, som overraskande behandla grasklipparen best fekk til slutt gleden av å gjere skulen til ein venare stad å være.

Les meir ...


10 May 2004
Rune viser nye sider

Rune har i dag lagt om til ein ny og annleis stil. Rosa caps er ein av hovudelementa i stilen.
- Eg føler meg tøff og trendy! meiner Rune sjølv.

Les meir ...


07 May 2004
Ingvissen har vorte vaksen!

Ingve Eikeland fyller fredag 18 år. Vi ønskjer han ein fin bursdag, og lykke til med oppkøyringa. Og så kryssar vi også fingrane for at bursdagsfeiringa ikkje ender i grøftekanten. I alle fall ikkje med bil!



<< Forrige 1 2 3 4 5 6 Neste >>

Siste nyhende:
2MKA, never again
17 Jun 2004

Lite munnleg eksaminasjon
16 Jun 2004

Marthe Berge vann !
10 Jun 2004

Shoutbox:
Prosjekt:
Frittfram
2mka skriv omtrent kvar onsdag for lokalavisa Firda sine ungdomssider, kalla "Fritt Fram".

Drull
Nokre elevar i 2mka har tidlegare laga radiprogram på Radio Naustloftet. På heimesidene til programmet "Drull" kan du mellom anna høyre gamle program.
Administrasjon:
Logg inn her
Om sida:
Copyright 2MKA - Linja for medium og kommunikasjon, Mo og Jølster vgs. 2003-2004.
Sidene er utvikla av Ronny Brede Aase.

2mka@wabz.net